
Nasjonalbiblioteket (NB)
Nasjonalbiblioteket (NB)
Merk: Frå og med 1. februar 2025 vil lærebøker for høgare utdanning og profesjonsspesifikk faglitteratur gitt ut dei siste 20 åra få fritak frå ordninga for digital tilgang (nb.no). Studentar får dermed ikkje tilgang til pensumlitteratur frå denne perioden.
Tilgangen til dei digitale objekta (bøker, tidsskrift, bilete m.m.) blir gitt ved strøyming. Det er ikkje tillate å lasta ned eller vidareformidla materialet. Elles gjeld vanlege reglar som ved anna opphavsrettsbeskytta materiale.
Nasjonalbiblioteket har inga teneste for å kunna reservera objekt til bestemde tidsrom eller ventelister dersom objektet er oppteke.
Tilgang for studentar og andre brukarar
Korleis fungerer søknadsprosessen?
- Brukaren loggar seg inn i Nettbiblioteket med sin FEIDE-brukar (eller med ID-porten).
- Etter innlogging blir hen sende til søknadsskjema for tilgang.
- Nasjonalbiblioteket behandlar søknader fortløpande innanfor rettleiinga sine opningstider.
- Søkjaren får ei stadfesting på e-post når tilgang er gitt. Tilgangen gjeld i 8 timar og dekke dei fleste pliktavleverte bøker, tidsskrift og aviser i nettbiblioteket i éin søknad.
Har du spørsmål om søknadsprosessen eller Nasjonalbibliotekets tenester kan du bruka Spør Nasjonalbiblioteket.
Etter innlogging har du tilgang i 8 timar. Om du er inaktiv i 2 timar fjernast tilgangen, og du må sende ny søknad.
Du kan ikkje laste ned eller skrive ut materiale frå nettsida.
Det er avgrensa tilgang til 2 brukarar samstundes per bok for studentar, og difor ikkje garantert tilgang. Prøv igjen seinare om du ikkje kjem inn med ein gong.
Tilgang for vitskapelege tilsette
Som vitskapeleg tilsett ved norske universitet eller høgskuler får du tilgang viss du logger deg inn i Nettbiblioteket med Feide.
Nasjonalbiblioteket gjev tilgang til materiale for forsking og dokumentasjon. Difor må de stadfeste at tilgangen skal brukast til dette føremålet.
Etter innlogging har du tilgang i 8 timar. Om du er inaktiv i 2 timar fjernast tilgangen, og du må sende ny søknad.
Du kan ikkje laste ned eller skrive ut materiale frå nettsida.
Det er avgrensa tilgang til 4 brukarar samstundes per bok for fagleg tilsette, og difor ikkje garantert tilgang. Prøv igjen seinare om du ikkje kjem inn med ein gong.
Tilgang til digitaliserte bøker for synshemma
Nasjonalbiblioteket har eigen informasjon om bøker for synshemma på sine sider.