Prisar ved UiT
Styret ved UiT Noregs arktiske universitet delar årleg ut prisar i ulike kategoriar: Pris for innovativ formidling, Forskings- og utviklingsprisen, Innovasjonsprisen, Pris til yngre forskar og Utdanningsprisen. Kvart anna år deler Styret ut: Likestillings- og mangfaldsprisen og Arbeids- og studentmiljøprisen.
Prisane er ei påskjønning som skal stimulera til auka innsats, vera til inspirasjon for prisvinnarane og deira fagmiljø og stø opp under gjeldande strategi og strategiske satsingsområde.
Kvar pris er på 100 000 kroner.
Du kan lesa praktisk informasjon om innsending og krav til nominasjonar under kvar pris nedanfor.
Statuttar for UiT-prisane finn du her.