Nyheter - Hva kan gamle kirkebøker fortelle oss om folkehelsa?

Kyrkjebøker + Helsefak = sant

Kva kan gamle kyrkjebøker fortelje oss om folkehelsa?

Hilde Leikny Sommerseth, Hans-Henry Jacobsen og Odin Dyrkolbotn har startet et fruktbart samarbeid. Foto: Johanne Røe Mathisen

Tenk, vi skal ikkje lenger tilbake enn til 60-talet, då registrering av folkesetnaden vart gjort ved at eldsjeler som historikar Sølvi Sogner laga handskrivne familiekort for Rendalen prestegjeld i Østerdalen. På kvart familiekort skreiv ho om giftarmål, fødslar, flytting og dødsfall – hendingar som var henta frå kyrkjebøker og folketeljingar. Korta vart oppbevarte i ei skoøskje, og informasjonen på dei vart eit viktig ledd i Norsk historisk befolkningsregister.

Sidan 2014 har Registreringssentral for historiske data(RHD) ved Fakultetet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning vore prosjektleiarar for eit nasjonalt infrastrukturprosjekt, og som ein del av prosjektet har dei innleia eit samarbeid med Det helsevitskaplege fakultets EUTRO.

Norsk Historisk Befolkningsregister

Norsk Historisk Befolkningsregister (HBR) er eit nasjonalt infrastrukturprosjekt med NFR‐finansiering for femårsperioden 2014‐2018. Det overordna målet er å byggje opp eit nasjonalt register for perioden 1800 til 1964.

Gjennom å lenke hendingar frå kyrkjebøker (dåp, vigsle og gravferd) og folketeljingar, vil forskarar innan medisin, samfunnsvitskap og humaniora få tilgang til ein database med personar sitt livsløp, som ut frå nasjonalt omfang er globalt unik.

HBR vert utvikla og drifta av Registreringssentral for historiske data, som er ein permanent institusjon ved UiT, i samarbeid med ekspertise ved Riksarkivet, Statistisk sentralbyrå, Norsk Regnesentral, Norsk lokalhistorisk institutt, Folkehelseinstituttet, universiteteta i Bergen og Stavanger og Høgskulen i Volda.

Samarbeider om historiske data

EUTRO er utvikla over mange år ved Institutt for samfunnsmedisin, og er eit datalagringsverktøy som blir brukt av fleire regionale, nasjonale og internasjonale studiar. ­For tida har dei fleire spennande samarbeid på gang (sjå eige faktaark).

– Registeret var på søk etter eit datasystem som kunne sikre personvernet i dei kjeldene som enno ikkje er offentleg tilgjengelege, og det var svært gledeleg for oss at den beste kompetansen var å finne ved vårt eige universitet, sier vikarierande leiar ved RHD og Norsk Historisk Befolkningsregister (BR), Hilde Leikny Sommerseth.

Samarbeidet mellom dei to verktøya har alt vore i gang eit par år, og etter planen skal det vere ferdig innan 2023. I mai dette året vart Rendalsdatabasen lansert i EUTRO. Dette var ein viktig milepåle for overføring av anna materiale.

– Det er ein veldig givande og spennende prosess å få denne gjengen til å jobbe med historiske data, fortel Sommerseth.

Frå helse til historie

For sjølv om EUTRO har mange samarbeidspartnarar, er det vanlegvis helse, ikkje historie, som har fått deira hovudfokus. 

– Her er det to verdsleiande verktøy som har slått seg saman, og det er svært morosamt å få høva til å jobbe med to system som set så stor pris på kvarandre, seier Hans-Henry Jacobsen, sjefingeniør ved EUTRO.

– Det unike i dette samarbeidet er den utviklinga som har vorte gjort for å sikre personsensitive opplysningar, og her er vi i tet både nasjonalt og internasjonalt, fortel Jacobsen.

Populære kjelder

­RHD har sida starten av 1980-talet spesialisert seg på transkribering av mellom anna kyrkjebøker og folketeljingar. Materialet er tilgjengeleg for digitale søk ved RHD si heimeside, og med 40 000 daglege søk er det ikkje tvil om at kjeldene er populære.

– Staten ynskte å kontrollere folk sin inngang og utgang i livet, og embetsmennene i kyrkja vart viktige leverandørar av statistisk materiale, som altså baserte seg på kyrkjebøkene, fortel Sommerseth.

- Vi må sjølvsagt ikkje gløyme kyrkjebøkene sin primære funksjon, nemleg å sjå til at folk følgde dei religiøse påboda som var formaliserte gjennom dåp, vigsle og gravferd, sier Sommerseth.

Det vart også gjennomført statlege folketeljinger for kvart tiår etter 1865.

Kan statens behov for kontroll hjelpe Tromsøundersøkinga?

EUTRO

EUTRO er utvikla over mange år ved Institutt for samfunnsmedisin ved Det helsevitskaplege fakultet ved UiT. Datasystemet vert brukt i store regionale, nasjonale og internasjonale studiar.

Verktøyet fyller dei behova som helseforskingsinstitusjonar har når det gjeld sikkerheit, handtering og administrasjon av sensitive forskingsdata og biologisk materiale.

I desse dagar er det fleire store hendingar knytt til EUTRO.

Den geistlege og verdslege statens behov for kontroll har ført til at vi kan finne opplysninger om sosiale, kulturelle og økonomiske forhold – i tillegg til meir demografiske faktorar som til dømes alder og kjønn, om nær sagt alle individ som på eit eller anna tidspunkt har budd i Noreg.

– Det finst ingen annan historisk dokumentasjon av kvardagsmennesker som er så stor som denne, og ingen andre kjelder som gir oss eit slikt breitt innblikk i noko av det mest intime og basale ved det å vere eit menneske; nemlig fødslar, nære familiære relasjonar og død, seier Sommerseth. 

Akkurat dette trur Sommerseth kan vere av stor interesse for Tromsøundersøkinga.

– Tromsøundersøkinga veit kva som har skjedd med folkehelsa dei siste åra, men har ingen data frå før studien starta opp på 70-tallet. Hvis de brukar våre data, kan dei nøste fleire generasjonar bakover og sjå korleis til dømes sosial tilknytin og helse uttrykte seg over generasjonar, seier Sommerseth.

Aldri vorte gjort før

 

Det finst mykje nyttig informasjon i gamle kyrkjebøker og register.  Foto: Colourbox

– Enkelte av tinga vi har gjort har aldri vorte gjort før. Utvekslingsformatet vi brukar er veldig fleksibelt, seier Odin Dyrkolbotn, som jobbar med databehandling i EUTRO. Den siste tida har jobben hans på Helsefak vorte bytt ut med ein kontorplass på RHD ved Institutt for historie og religionsvitskap, for at det skal vere enklare å samarbeide.

 

Gleda seg over nye utviklingar

Sølvi Sogner var ein pionér innan historiedemografisk forsking i Noreg, og var aktiv innan feltet lenge etter at det var handskrivne kort i skoøskjer som galdt.

– Sølvi gikk dessverre bort tidlagare i år, men heilt til det siste var ho aktiv i faget og gledde seg over nye utviklingar. Hun ville ha ynskt dette samarbeidet velkomment, seier Sommerseth.