Historiemiljøet i Tromsø har spesialisert seg på arktisk geopolitikk, samisk- og urfolkshistorie, andre verdskrig, historiske demografi, eldre tids historie, norsk-russiske relasjonar, skandinavisme, og historieteori og -metode. Eit masterstudie i historie gjev inngåande kunnskap i historiefaglege problemstillingar, om fagets tradisjonar, metode og teori og kompetanse i å handtere store informasjonsmengder og kunne systematisere, strukturere, dokumentere og framstille dette i ein forståeleg form. Studiet gjev kunnskap og kompetanse som har relevans og det er bruk for i ei rekkje yrker og verksemder.
Dette studiet har krav om obligatorisk oppmøte ved studiestart. For søknad om fritak, les her.
Søkjarar må, i tillegg til generell studiekompetanse, ha bachelorgrad, cand. mag.-grad, annen grad eller yrkesutdanning av minimum 3 års omfang, eller utdanning som i samsvar med §3-5 i UH-loven er godkjend som jamgod med dei nemnde grader eller yrkesutdanning.
Fordypning: Bachelorgraden må ha ei faglig fordjupning på minimum 80 studiepoeng i historie. Det blir kravd at minimum 30 studiepoeng av fordjupninga er på 2000-nivå (påbyggingsnivå). (Det blir gitt unntak frå fordjupingspoeng i historie for bachelor i Russlandsstudier. Her er 70 studiepoeng fordjuping tilstrekkeleg som opptaksgrunnlag.).
Det blir stilt eit fagleg minstekrav for opptak på karakteren C (2,5). Karakteren blir berekna som eit vekta gjennomsnitt av alle emne som inngår i opptaksgrunnlaget. Emne med vurderingsuttrykk "bestått" blir ikkje inkludert i utrekninga.
Opptak til masterprogrammet er regulert etter Forskrift om opptak til Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet.
Studiet er opent. Alle kvalifiserte søkjarar vil få tilbod om studieplass.
Beskrivelse av studiet
Gjennom masterstudiet i historie lærer du deg historikarfaget. Du får sjølv prøvd deg på forsking gjennom masteroppgåva, og får trening i å vurdere kjeldemateriale, problemstillingar og litteratur innanfor eit avgrensa forskingsfelt. Du kan skrive om eit tema/problemstilling som du brenn for, anten aleine med rettleiar eller i forskingsgruppe eller eit forskingsprosjekt. Då kan du få støtte frå eit større nettverk, og bli kjent med eit større fagmiljø som forskar på det same som deg.
Studieprogresjon
Første semester er felles med innføring i historiefagleg forskingsmetode og forskingsdesign, fagleg fordjuping i historiefagleg teori og i ulike former for bruk av historie. Studentane utarbeider dette semesteret ei prosjektskisse for mastergradsoppgåva. I prosjektskissa skal det kort gjerast greie for tema for oppgåva, forskingsfeltet, kjeldesituasjonen, val av problemstilling og forskingsdesign – altså kva for metode og teori som skal nyttast – og det skal utarbeidast ein framdriftsplan for arbeidet med oppgåva. Som del av emnet HIS-3004 Historiebruk skal studentane hospitere i 5 dagar ved ein arbeidsplass kor historie og historiefaget på eitt eller anna vis har ein sentral plass i verksemda. Aktuelle arbeidsplassar kan til dømes vere museum, arkiv og bibliotek, offentleg forvaltning eller media. Studentane er inviterte til å kome med ønske om kor dei vil hospitere.
Også det andre semesteret er felles for alle studentane. No startar arbeidet med mastergradsoppgåve i historie. Før starten av semesteret har studentane fått tildelt rettleiar, tildeling skjer på bakgrunn av prosjektskissa. For dei fleste av studentane vil det dette semesteret vere naturleg å kartleggje og samle inn kjelder, starte analysen av kjeldene og arbeide med innleiingskapittelet – og då særleg teori- og metodedelen. I løpet av semesteret legg studentane fram eit skriftleg kapittelutkast på masterseminaret. Framlegging og deltaking på masterseminaret er obligatoriske arbeidskrav. Emnet HIS-3008 Forskingslitteratur er ei fagleg fordjuping i historiefaget si historie – historiografi – kombinert med målretta arbeid for å finne fram til og tileigne seg relevant forskingslitteratur knytt til tema for eiga masteroppgåve.
Tredje semesteret er det lagt til rette for å reise på studentutveksling til utlandet. Studentar som reiser på utveksling tar emne ved vertsuniversitetet tilsvarande 20 studiepoeng på 3000-nivå. Studentar som ikkje reiser på utveksling tar 20 studiepoeng med realhistorisk fordjuping på 3000-nivå innan fagområdet historie. Emne på 3000-nivå frå andre fagdisiplinar som har særskilt relevans for arbeidet med masteroppgåva kan etter avtale innpassast i graden. Uavhengig av om ein reiser på utvekslingsopphald i utlandet eller ikkje så held arbeidet med HIS-3900 Mastergradsoppgåve i historie fram dette semesteret. Dei fleste vil dette semesteret gjere seg ferdige med innsamlinga av kjelder og konsentrere seg om analyse og fortolking.
Fjerde og siste semesteret arbeider studenten på heiltid med ferdigstilling av mastergradsoppgåva. I løpet av semesteret må kvar student leggje fram eit skriftleg kapittelutkast på masterseminaret. Framlegging og deltaking på masterseminaret er obligatoriske arbeidskrav. Innlevering av masteroppgåva er 15. mai. Studiet blir avslutta med munnleg eksamen med utgangspunkt i masteroppgåva, dette skjer normalt frå slutten av mai og fram mot 23. juni.
Obligatoriske emne (oppdaterte emneskildringar på nett)
- HIS-3001 Forskingsdesign med metode (10 studiepoeng)
- HIS-3003 Historieteori (10 studiepoeng)
- HIS-3004 Historiebruk (10 studiepoeng)
- HIS-3008 Forskingslitteratur (10 studiepoeng)
- HIS-3900 Mastergradsoppgåve i historie (60 studiepoeng)
Valemne
Instituttet tilbyr normalt 3–4 valfrie realhistoriske fordjupingsemne á 10 studiepoeng på 3000-nivå kvar haust. Kva for emne som blir tilbydd varierer frå år til år. Normalt vil det minimum vere eit emne frå eldre tid og eit emne frå nyare tid, i tillegg til eit langsgåande engelskspråkleg emne (HIS-3005 History of Indigenous Peoples - Indigenous people, ethnic minorities and the multi-cultural society in the North). Oversikt over kva for emne som blir tilbydd og oppdaterte emneskildringar er tilgjengelege på nett.
Hva lærer du?
Etter bestått studieprogram skal kandidatane ha følgande læringsutbytte:
Kunnskap og forståing
Kandidaten
- har eit omfattande og avansert realhistorisk kunnskapsgrunnlag og spesialisert innsikt på særskilte område av historiefaget
- har inngåande kunnskap om historiefagets metode, tradisjonar og samfunnsmessige eigenart
- har ei kritisk og sjølvstendig haldning til kjeldemateriale og faglege framstillingar
- har ei avansert forståing av kva som skaper endring over tid
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan handtere store informasjonsmengder og kan systematisere, strukturere, dokumentere og framstille historisk fagstoff
- kan analysere historiefaglege problemstillingar med utgangspunkt i historiefagets teori, metode og forskingshistorie
- kan nytte fagleg og teoretisk kunnskap på fleire område innan fagdisiplinen historie
- kan sjølvstendig framstille historiske fenomen eller problemområde både munnleg og skriftleg, ved hjelp av historiefaglege teoriar, metodar og fagets forskingshistorie
- kan under rettleiing gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsarbeid basert på empirisk kjeldemateriale og fagets teori og metode, i samsvar med gjeldande forskingsetiske normer
- kan oppdatere kunnskapen sin innan fagdisiplinen historie og nytte kunnskapen på nye fagområde innan historiefaget
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan utføre ein historiefagleg analyse og gje ei god framstilling av problemområdet
- kjenner historiefagets eigenart og har kunnskap om faget sine omgrep og uttrykksformer
- kan greie ut, analysere og strukturere store mengder med avansert informasjon på nye fagområde innan historiefaget
- kan formulere og kommunisere avanserte sider ved historieforsking og utgreiingsarbeid til både spesialistar og allmenta
- kan problematisere og reflektere rundt omgrep, teoriar og metode innan historiefaget
- kan på ein sjølvstendig måte initiere og formulere idear og prosjekt, det vil seie nytenking og innovasjon innan fagdisiplinen historie
Jobbmuligheter
Fullført studium gjev kompetanse innan historiefaget sin teori og metode, i korleis historie blir nytta på ulike vis, i historiefaget si historie (historiografi), i korleis finne fram til og tileigne seg forskingslitteratur, korleis oppdatere fagkunnskapen og korleis arbeide fram eit forskingsprosjekt. Gjennom emna i opplæringsdelen og i arbeidet med masteroppgåva får studentane erfaring med, og kunnskap om, samanstilling av komplekse saksområde og kritisk tekstanalyse. Dette er kompetanse som har stor overføringsverdi og som er verdsett i mange og ulike felt av arbeidslivet. Med mastergrad i historie er moglegheitene for deltaking i arbeidslivet mange og varierte. Kandidatar med mastergrad i historie finn sitt virke innanfor skole- og utdaningssektoren, kultursektoren, arkiv, media og museum, eller på ulike nivå i privat og offentleg sektor.
Studiet i historie kvalifiserer til undervisnings- og forskarstillingar ved universitet og høgskular samt til oppdragsforsking for offentlege og private oppdragsgjevarar.
Kandidatar med særs gode resultat på mastergrad i historie er kvalifiserte til å søkje opptak til doktorgradsstudium (ph.d.-grad).
Gradsnavn
Master i historieVidere studier
Master i historie kvalifiserer til å søke opptak til Ph.d.-program.
Ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning (HSL) vert det stilt krav om eit karaktersnitt på B (eller tilsvarande) på mastergraden for å bli tatt opp. Det blir vanlegvis lyst ut tre til fire nye stipendiatstillingar kvart år.
Related professions
Studieplan
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisningsspråket er norsk. Enkelte valemne kan bli gjeve på engelsk.
Eksamensspråket er i hovudsak norsk om ikkje anna er avtalt. Andre språk kan nyttast etter søknad.
Undervisning og eksamen
Programmet har varierte undervisningsformer, blant anna forelesingar, seminar og ekskursjonar og diskusjonar. Undervisningsformene er nærmare omtalt i dei enkelte emneskildringane.
Emna har ulike eksamensformer, blant anna heimeeksamen, munnleg eksamen og prøveforelesing. Eksamensform er spesifisert i dei enkelte emneskildringane.
I ei stadig meir globalisert verd er internasjonale erfaringar kjempeviktige! Historiestudentar som ønskjer å reise til utlandet, gjer dette normalt sett i samband med kjeldeinnsamling eller biblioteks-/arkivopphald.
Eit utvekslingsopphald i utlandet vil utvide din personlege og faglege horisont. UiT gir deg mange moglegheiter til å ta delar av studia dine som utvekslingsstudent ved ein utanlandsk lærestad. Masterstudiet i historie opnar for utanlandsopphald i tredje semester. Snakk med internasjonal koordinator om dette.
Studentar på historie har hatt utvekslingsopphald ved mange universitet i Norden, Europa og i andre verdsdelar. Informasjon om søknadsprosessen, fristar, stipendmoglegheiter osb. finn du på universitetet sine nettsider om studentutveksling.