Haust 2022
NOR-2013 Nordiske språk - 10 stp

Søknadsfrist

1. juni for emner som blir gitt i haustsemesteret. 1. desember for emner som blir gitt i vårsemesteret.

Emnetype

Emnet kan takast som enkeltemne. Fordjupingsemne i bachelorstudiet i nordisk språk og litteratur og i lektorutdanning 8-13.

Tilrådde forkunnskapar: 1000-nivå i nordisk, eller tilsvarande.

Emnet overlappar med NOR-2023 Nordiske språk. Spesialemne for utanlandske studentar.


Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Søknadskode 9199 enkeltemner (ikkje realfag), lågare nivå. Ordinære og nettbaserte emner


Studiepoengreduksjon

Du vil få en reduksjon i antall studiepoeng (som oppgitt under), dersom du avlegger eksamen i dette emnet og har bestått følgende emne(r) fra før av:

NOR-2023 Nordiske språk. Spesialemne for internasjonale studenter 10 stp

Innhald

Emnet gir eit generelt oversyn over Norden som språkområde i fortid og nåtid der dei nordiske språka blir sett i relasjon til kvarandre. Emnet gir dessutan ei nærare innføring i eitt eller fleire av dei nordiske språka dansk, svensk, islandsk og færøysk. I emnet kan ein ta opp både språkstruktur (fonologi, morfologi og syntaks) og språksosiale tilhøve (språkkontakt, talemålsvariasjon og skriftspråknormering). Kva for nordisk(e) språk og kva for perspektiv som vert vektlagde, kan variere frå semester til semester.

Kva lærer du

Etter greidd emne har studentane følgjande læringsutbytte:  

Kunnskapar

Studenten har:

  • oversyn over viktige språklege skilnader mellom dei nordiske språka
  • innblikk i korleis dei språksosiale tilhøve er for dei ulike nordiske språka
  • djupare kjennskap til eitt eller fleire nordiske språk utanom norsk
  • betre forståing for norsk og den norske språksituasjonen sett på bakgrunn av tilhøva elles i Norden  

Ferdigheiter:

Studenten kan:

  • gjere greie for hovudtrekka ved dei nordiske språka og ved dei språksosiale tilhøva i Norden
  • gjere meir utdjupande greie for det eller dei tema som har vore særleg vektlagde i kurset
  • skrive eit vitskapleg arbeid om emnet

Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk. Pensumlitteraturen kan vere på norsk, skandinaviske språk og/eller engelsk.

Eksamensspråket er norsk. Valfri målform bokmål eller nynorsk.


Undervisning

I alt 26 undervisningstimar med ein kombinasjon av førelesingar, seminar, gruppearbeid og førebudde studentframlegg.

Kvalitetssikring av emne:

Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Programstyret avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar kvart år.


Eksamen

Vurderingsform: Dato: Varighet: Karakterskala:
Hjemmeeksamen 06.12.2022 09:00 (Utlevering)
13.12.2022 13:00 (Innlevering)
1 Uker A–E, stryk F

Obligatoriske arbeidskrav:

Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan framstille seg til eksamen:

Muntlig presentasjon Godkjent – ikke godkjent
UiTs samleside om eksamen

More info about the coursework requirements

For å kunne gå opp til eksamen må studenten leggje fram ein munnleg presentasjon (ca. 20 minutt) om eit avgrensa tema frå pensum innan ein fastsett frist.

Arbeidskrav vert evaluerte med godkjent/ikkje godkjent.


Re-sit examination

Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere.
  • Earlier years and semesters for this topic