Rávdnji - Den strie straumen

Fast utstilling

Om samiske spor i Tromsøområdet.

Den rike samiske historia til Tromsø er ukjend for mange fordi fleire av byen sine samiske spor gjekk tapt i fornorsking og grensestenging. Utstillinga Rávdnji løftar fram fortrengte fortellingar om den samiske historia i Tromsøområdet.

Utstillinga har fokus på Rávdnjevággi / Finnheia på Sállir / Kvaløya og den bynære Romssavággi/Tromsdalen. Begge landskapsrom inngår i ei større historie om grensestenginga og tvangsforflyttinga sine konsekvensar. Tvangsforflytting frå sommarlandet i Tromsø er vitnesbyrd om historisk urett. I dag er både reinbeiteområda og kulturminna trua som følge av utbygging i friluftsområde og vindkraftverk. 
Utstillinga viser også fortellingar om sjøsamisk kultur, om kulturelle band mellom kyst og innland, kulturminne, levd liv, kvardagssyslar, og det gode naboskapet / verdde.

Last changed: 24.05.2024 12.56