Bergkunst og landskap - historiar i berg frå steinalderen

Vandreutstilling med spennande ny forskning om steinalderns historier, slik dei er bevart som bilete i berget gjennom mange tusen år.

Denne vandreutstillinga tek utgangspunkt i forsking frå Tromsø Museum. Gjennom doktoravhandlinga si har arkeologen Jan Magne Gjerde synt at helleristingar og bergmåleri ikkje må tolkast berre ut frå sjølve figurane, men må setjast i samanheng med sjølve berget og omgjevnadane. Linjer og fargar i berget, plasseringa i landskapet, hellinga på bergflata, alt dette er med på å byggje opp historiene som bergkunsten fortel. For den som kan sjå dette, opnar det seg ei verd av bergbilete med fortellinga som tek oss nært inn på livet til folk som levde fleire tusen år før oss. Bli med og les bergkunsten som ingen har lese han før!

Utstillinga tek føre seg bergkunst frå Noreg, Sverige, Finland og Nordvest-Russland.

Slipt risting av reinsdyr frå Jo-Sarsaklubben i Nordland, Noreg. Datert til eldre steinalder, om lag 9200 år gamal. Merk kordan ei lita, naturleg sprekk i berget er brukt som munn på dyret.

Foto: Jan M. Gjerde, Tromsø Museum.

 

 

Kva er bergkunst?

Bergkunst er bilete laga i berg. Det er figurar som er hogge, slipne eller måla inn i berget. Sjølve berget sine naturlege strukturar, eller landskapet der berget ligg, speler og ei rolle i dei historiene bergkunsten fortel.

Det finst og bergkunst laga med andre teknikkar, kor figurane kan vere bora eller skore in i mjukt berg. I dag ser vi dei til dømes som hol, groper eller V-kutta linjer i berget. Dei opptrer oftast i kombinasjon med hogge figurar.

I Fennoskandia er det helleristingar og målingar som er vanlegast. Bergkunsten finn vi på bergflater, lause steinar eller somme tider i holer og hellerar.

Den eldste bergkunsten blei laga rett etter at dei første menneska busette seg langs kyststripa etter siste istid, for om lag 11 000 år sidan. Den yngste bergkunsten er berre nokre få hundreår gammal. Det meste av bergkunsten er laga i yngre steinalder, bronsealder og tidleg metalltid.

Forskarar ser no at element av naturen kring figurane spelar ei rolle i bergkunsten. Dei verkar i samspel med figurane og kan vere grunnen til at bergkunsten er plassert nett der dei er. Denne utstillinga viser døme på slikt samspel.

 

Emne som er med i utstillinga

Tema som presenterast i utstillinga, med plansjenummer og overskrift:

1          Bergkunst og landskap – historier i berg frå steinalderen (Introduksjonsplansje)

2          Kva er bergkunst?

3-4       Frå den minste sprekk til miljøet omkring          

5          Materialet veks – 100 år med bergkunstforsking 

6-7       Båtar frå nord

8-9       Å jakte dei største dyra

10        Ny dokumentasjon – ny bergkunst

11        Å måle eller ikkje å måle

12        Historier i berg også i framtida – bevaring av bergkunst

13        Svarte flod

14        Reinsdyret i berget

15        Animasjon frå steinalderen – dei symjande svanene

16        Laksane kjem ut av fossen i berget 

17        Bjørnen og bjørnejakta

18        Kvaljakt i steinalderen- farar og ritual

19        Vinterjakt på elg

20        Med lyset sin magi blir helleristingar levande

21        Det raude berget – nytt liv av dyreblod

22        Sjamansmykke

23        Ridande sjamanar

24        Elgen kjem frå den andre verda

 

 

Fakta om utstillinga

Areal

Utstillinga må ha minst 26 løpemeter vegg å henge på. Ein kan og henge plansjane rygg mot rygg fritt i rommet om ein vil, men ver obs på at dei ikkje er lystette, så det kan bli vanskar med lyssettinga.

 

Element og montering

Utstillinga består av 24 store plansjar trykte på tekstil. Plansjane er alle 225cm høge og 100cm breie. Dei har skinner av aluminium oppe og nede, med “øyre” i den øvre skinne som gjer det lett å hengje dei opp. To spiker i veggen er nok – eller ein kan hengje dei frå snøre eller krokar frå taket.

Alle plansjane har eit stort bilete øvst og tekst nedanfor. Det er bra om dei kan komme litt opp frå golvet, så slepp publikum å legge seg på kne for å lese teksten.

Plansjane har nummer på baksida, frå 1 til 24. Skal ein vise den fulle utstillinga, heng ein dei opp i rekkefølgje etter desse numra. Skal det vere ein mindre versjon, sjå nedanfor.

Døme på plansje i utstillinga:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Rekkefølgje

Plansjane har nummer på baksida, frå 1 til 24. Ein av plansjane (nummer 1) har berre eit stort bilete og namnet på utstillinga. Den er meint å komme først, eventuelt vise veg til utstillinga.

Plansjane 3-4, 6-7 og 8-9 er doble, så dei må henge saman utan mellomrom.

Skal ein vise den fulle utstillinga, heng ein opp plansjane i rekkefølgje etter numra. Skal det vere ein mindre versjon, sjå neste punkt nedanfor.

 

Tre storleikar

Alt etter kor god plass ein har, kan utstillinga visast i liten, mellomstor eller full utgåve. Den minste versjonen har 10 plansjar, den mellomste har 17, og den fulle versjonen 24 plansjar. Om de vil vise ein redusert versjon, lar de berre dei plansjane som ikkje skal nyttast bli liggjande i transportkassa.

  • I den minste versjonen skal desse ti plansjane med, og i denne ordninga:

            1, 2, 3, 4, 5, 20, 10, 13, 15, 16.

  • I den mellomstore versjonen skal det vere 17 plansjar i denne ordninga:

            1, 2, 3, 4, 5, 6-7, 20, 10, 13, 14, 15, 16, 21, 24, 11, 12.

  • Den fulle versjonen har med alle plansjane, i ordning frå nummer 1 til nummer 24.

 

 

Produksjon

Utstillinga er produsert av Tromsø Museum – Universitetsmuseet i 2011. Den baserer seg på Jan Magne Gjerdes doktoravhandling i arkeologi. Teksten er skrive av Jan Magne Gjerde og redigert av Per Helge Nylund. Fotografia er etterbehandla av Adnan Icagic, og formgjevar er Ernst Høgtun.

 

Emballasje og transport

Utstillinga kommer i ein transportkasse (såkalla “flight case”). Kassen måler 114x59x75 cm, og har fire hjul slik at han er lett å flytte på. Hjula kan låsast, t.d. i samband med transport.

Inne i kassa er plansjane rulla rundt solide papprør. Dei er delt i fleire seriar, slik at det er lett å finne dei plansjane ein treng. Det følgje også med “øyre” til oppheng.

Det går greitt å sende kassen med vanlege fraktselskap. Tromsø Museum kan hjelpe til med å organisere frakt om det er naudsynt.

 

 

Marknadsføring

Vi leverer forslag til invitasjonskort og pressemelding i digitalt format, og jamvel nokre foto frå utstillinga som kan nyttast til marknadsføring. Produksjon av plakatar og invitasjonar må leigetakar dekke sjølv.

Det er laga eit reklamebanner på tekstil med same motiv som introduksjonsplansjen (nr. 1). Banneret er 4,5 meter høgt og 1,5 meter breitt. Det kan henge både inne og utomhus.

 

 

Introduksjonsbildet i utstillinga. Motivet er frå Hjemmeluft i Alta, Noreg.

Det finst på plansje 1 og på reklame-banneret.                  

                                   Foto: Jan M. Gjerde, TMU

 

 

 

 

 

 

 

Språk

Utstillinga er teksta på norsk og engelsk, med fullstendig tekst på både språka. I norsk er det nytta nynorsk læreboknormal (ingen klammeformer), med ordval som høver til nordnorsk.

Undervising

Det er ikkje laga noko eige undervisningsopplegg for denne utstillinga, men ein kan få råd og tips om formidling til skulen frå Undervisingstenesta på Tromsø Museum, telefon 77 64 65 53.

Økonomi

Det kostar 8 000 kroner per månad å leige utstillinga. Vi tek ikkje betalt for den tida utstillinga er i transport eller under montering. Utstillinga sendes fritt fram til leigetakaren, som i sin tur må dekke kostnaden for framsending til neste visingsstad.

Forsikring

Leigetakaren er ansvarleg for utstillinga i visingsperioden. Skulle det komme til ein skade, må det strakst meldast til Tromsø Museum. Forsikringsverdien er 75 000 kroner.

Bestilling

Vil du ha meir informasjon, eller tinge utstillinga til ditt museum, ta kontakt med Tromsø Museum på adressa nedanfor.

 

 

Per Helge Nylund

Publikumsteamet

Tromsø Museum

9037 Tromsø

 

Telefon: 77 64 51 02

Telefaks: 77 64 51 13

e-post: per.h.nylund@uit.no

 

Starts: 28.04.17 kl 11.45
Ends: 31.12.99 kl 23.59
Where: Tromsø Museum
Location / Campus: Tromsø
Target group: Alle
Add to calendar