Landslova i nord

Nord-Noreg på Landslova si tid

I 2024 er det 750 år sidan Magnus Lagabøtes Landslov vart gjeldande lov for heile Noreg. I Tromsø blir det dobbeltseminar, "Landslova i nord", i høve jubileet: eit allmennretta arrangement på Tromsø bibliotek og byarkiv tysdag 24.09 og eit tverrafgleg fagseminar på UB på UiT på onsdag 25.09.

Program 24.09. kl 19, Tromsø bibliotek

Kva slags samfunn var det i nord då Magnus Lagabøte fekk vedtatt den nye Landslova i 1274?  Kva omfatta den norske kongens rike, og korleis levde forfedrane og formødrene våre her nord?

Frå Bjarkøyætta til Martin Finnekonge
Astrid Mellem Johnsen og Sigrun Høgetveit Berg, samtale

Silke, sobel og serviettar – mellomaldertekstilar frå Lofoten
Åsa Elstad, føredrag

Nú af því lǫgbók váttar svá víða
Ivar Berg les frå Landslova på norrønt mål

Tromsø bibliotek har utstilling med litteratur som omhandlar mellomalderen.

---

Landslovjubileet blir markert med arrangement, utstillingar og publikasjonar året gjennom. Arrangementa i Tromsø er eit samarbeid mellom Jur.fak, HSL-fak, Universitetsbiblioteket og forskingsgruppa CNN ved UiT og Tromsø bibliotek og byarkiv.

When: 24.09.24 kl 19.00–21.00
Where: Tromsø
Location / Campus: Tromsø
Target group: Ansatte, Studenter, Besøkende
Responsible: Sigrun Høgetveit Berg
Add to calendar