Illustrasjonsbilde
English flag   

Kommunikasjonsplattform for UiT 2024–2030

Kommunikasjonsplattforma definerer mål, gjev føringar og gjer tydeleg ansvar og roller i kommunikasjonsarbeidet ved UiT Noregs arktiske universitet. Plattforma er førande for alle medarbeidarar ved universitetet, og særleg for dei områda der kommunikasjon er hovudverkemiddel.

Kommunikasjonsplattforma definerer mål, gjev føringar og gjer tydeleg ansvar og roller i kommunikasjonsarbeidet ved UiT Noregs arktiske universitet. Plattforma er førande for alle medarbeidarar ved universitetet, og særleg for dei områda der kommunikasjon er hovudverkemiddel.

Kommunikasjonen og formidlinga vår skal vere open, forståeleg, truverdig, påliteleg og basert på dialog. Formidling er ei lovpålagd oppgåve for universitetet, og det blir lagt til grunn at forskarane våre, som ein del av arbeidet sitt, er pliktige til å formidle forskinga si. Plattforma grip ikkje inn i formidlingsansvaret til den enkelte, men skal bidra med målretta tiltak og støttefunksjonar for auka kompetanse, innsats og motivasjon til god og effektiv formidling, som er eit prioritert område i UiT sin strategi.

Den samla innsatsen vår innanfor kommunikasjon og formidling skal bidra til å realisere strategien vår Eallju – Drivkraft i nord. UiT skal

  • vere internasjonalt leiande på kunnskap og kompetanse om og for Arktis og nordområda
  • bidra til nyskapande og berekraftige løysingar på dei store samfunnsutfordringane
  • vere ein årestad  for utvikling av studentar og kompetansen til tilsette og talent, med mangfald som drivkraft og ressurs


Følgjande fem prinsipp skal vere førande for prioriteringar og bruk av ressursane våre:

Kommunikasjonen og formidlinga vår skal

  1. styrkje UiT sin posisjon i det nasjonale og internasjonale mediebiletet, spesielt innan spørsmål knytt til Arktis og nordområda
  2. bidra til at fagfolka våre og kompetansen deira skal vere og oppfattast som aktuell og relevant, og at den blir brukt til å løyse dei store samfunnsutfordringane
  3. fremje konstruktiv dialog, godt ytringsklima, ein opplyst samfunnsdebatt og styrkje eit mangfald av ulike røyster og kritiske perspektiv
  4. synleggjere kunnskapen vår om samiske og kvenske perspektiv
  5. bli brukt som strategisk verktøy for satsing på ekstern finansiering, vere tilpassa dei ulike målgruppene og gjerast tilgjengeleg gjennom effektive kanalar


Desse fire områda, med tilhøyrande tiltak, gjev rammer og klare prioriteringar for det samla kommunikasjons- og formidlingsarbeidet vårt. Vi skal bruke dekanmøtet som arena for å prioritere, vidareutvikle og forankre det strategiske kommunikasjons- og formidlingsarbeidet.



Vi gjer forskinga og fagkompetansen ved UiT tilgjengeleg, relevant og aktuell ved bruk av eit breitt spekter av formidlingsformer og kommunikasjonskanalar. Opplæring av tilsette står sentralt, og må sjåast opp mot behovet for kompetanse innan formidling i ulike karrierefasar. Våre tilsette skal setjast i stand til å nå ut på sentrale samfunnsarenaar. Opplæring i ytringskultur og ytringsfridom skal prioriterast.

Tiltak:

  1. Vidareutvikle og koordinere kursporteføljen innan formidling for tilsette ved å
    1. vidareutvikle obligatorisk kurs i formidling for alle ph.d.-kandidatar
    2. utvikle kommunikasjonskurs, malar og opplæringsvideoar som vert distribuerte breitt, og dessutan jamleg arrangere formidlingstrening på hovudcampusane for tilsette
    3. sørgje for at kommunikasjon og formidling, både internt og eksternt, er tema på UiT sitt leiarprogram

 

  1. Samordne dei administrative formidlings- og kommunikasjonsressursane på UiT på tvers i organisasjonen ved å
    1. opprette operative team mellom kommunikasjonsmedarbeidarar på einingane og seksjon for kommunikasjon. Slik skal vi dra betre nytte av kommunikasjon og formidling som strategiske verktøy, og avklare roller og prioritere arbeidsoppgåver
    2. vidareutvikle UiT sine administrative tenester for kommunikasjons- og formidlingsarbeid
    3. føreslå forbetringar i organiseringa av støttetenester i Fellesadministrasjonen og hjå einingane, for å optimalisere ressursbruken 

 

  1. Vidareutvikle incentivordningar for formidling gjennom å
    1. synleggjere formidlingsaktivitet i medarbeidar- og utviklingsplanar
    2. greie ut meritteringsordning for formidling
    3. vidareutvikle UiT sin verktøykasse for formidling gjennom mellom anna NOR-CAM, Universitets- og høgskulerådet sin rettleiar for meritterande formidlingsarbeid
    4. styrkje formidlingskomponenten i forskingsprosjekt retta mot ekstern finansiering gjennom å ta i bruk og vidareutvikle tiltak i UiT Talentprogrammet for formidling
    5. sørgje for at eksternt finansierte prosjekt inneheld ein plan for, og finansiering av, formidlingsaktivitet

 

  1. Etablere eit forum for formidling ved å
    1. samle ressurspersonar innan framifrå formidling som kan fungere som ei mentorgruppe
    2. kople forskarar som ønskjer å teste ut innovative måtar å formidle på til ei mentorordning
    3. samle og opent distribuere UiT sine utprøvde framifrå og innovative formidlingstiltak 


Den strategiske kommunikasjonen er det langsiktige og planlagde arbeidet med å posisjonere UiT i media og allmenta for å oppnå UiT sine strategiske mål. Vi tar del i samfunnsdebatten gjennom å vere til stades på viktige debattarenaar, i riksmedium, for avgjerdstakarar i politikk, for arbeidslivet og samfunnet rundt oss. UiT sine vitskapleg tilsette skal vere føretrekte samarbeidspartnarar i eksternt finansierte prosjekt, som innleiarar på aktuelle arenaar og som ekspertar i nasjonale og internasjonale komitear, utval og medium.

Tiltak:

  1. Posisjonere og auke synlegheita til UiT i nasjonale og internasjonale medium gjennom å
    1. følgje samfunnsdebatten tett og bidra til at UiT er i front i det offentlege ordskiftet, gjennom engasjerande innhald og kronikkar, deltaking på sentrale arenaar og som kjelder i nyheitssaker regionalt, nasjonalt og internasjonalt
    2. strategisk posisjonere og selje inn saker frå kjerneverksemda som treffer tidsånda, mediebiletet og den politiske diskursen
    3. vidareutvikle ekspertlista som inngang til dialog mellom samfunnet og universitetet på utvalde saker og fagområde
    4. gje formidlings- og medietrening til utvalde ekspertar innan prioriterte tema
    5. utarbeide eigne retningslinjer for mediekontakt for leiarar
    6. medietrening av den utvida universitetsleiinga kvart år

 

  1. Bruke arrangement som strategisk posisjonering og synleggjering gjennom å
    1. utarbeide årshjul for utvalde høve for posisjonering    
    2. utvikle arrangement på sentrale arenaar som kan bidra til synlegheit nasjonalt og internasjonalt om Arktis og nordområda
    3. flagge nokre få, større arrangement som strategiske fyrtårn kvart år, og vurdere både kva fagmiljø som skal delta, og kva samarbeidsavtaler som skal utviklast og knytast opp mot desse fyrtårna. Ein skal evaluere effekten årleg og revurdere innsatsen
    4. bruke Universitetsmuseet og Universitetsbiblioteket aktivt som dialogbaserte publikumsarenaar for UiT
    5. gjere tilgjengeleg standardiserte helsingar på samisk og kvensk som kan brukast ved relevante høve


UiT skal vere ein attraktiv studiestad som konkurrerer på nasjonalt og internasjonalt nivå, men som òg dyrkar sin regionale eigenart som fleircampusuniversitet.



Vi byggjer fellesskap, identitet, kultur og omdøme, og sikrar god informasjonsflyt om verksemda som eit mangfaldig fleircampusuniversitet. Alle tilsette og studentar skal få og finne informasjonen dei treng, slik at dei får løyst arbeidsoppgåvene og gjennomført studia på ein god og effektiv måte. Informasjonen skal kome til rett tid, i føreseielege kanalar, og vere lett å forstå og bruke. Internkommunikasjonen skal vere prega av openheit og leggje til rette for ein god tilbakemeldingskultur. 

Tiltak:

  1. Styrkje og forbetre kommunikasjon med studentar og tilsette gjennom å
    1. utvikle ein kanalstrategi for UiT som skildrar kva kanalar som skal brukast til kva, og som sikrar at tilsette, studentar og eksterne får den informasjonen dei treng på rett stad, til rett tid
    2. utvikle ein portal/startside for tilsette og ein portal/startside for studentar, der målet er at kvar enkelt raskt skal kunne finne dei ressursane og den informasjonen dei treng i arbeids- og studiekvardagen
    3. tilby internkommunikasjon som ein del av leiarprogrammet for å auke kompetansen på internkommunikasjon. Leiarar ved UiT skal forstå sitt ansvar for kvalitativt god internkommunikasjon med eigne tilsette og studentar

 

  1. Utvikle og optimalisere bruk av UiT sine fagressursar innanfor kommunikasjon, marknadsføring, rekruttering og formidling ved å
    1. etablere gode samhandlingsarenaar for dei nemnde fagressursane på tvers av organisasjonen, for å sikre god koordinering, ansvarsdeling, erfaringsutveksling og kompetansebygging
    2. vidareutvikle godt teamarbeid mellom tilsette som har ansvar for større arrangement ved sine campus, for å skape synergiar og utnytte ressursane godt


  2. Sikre opplæring og trening i beredskap og krisekommunikasjon for Sentral beredskapsgruppe og leiarar av Lokal beredskapsgruppe.


God rolleforståing og klar ansvarsdeling er ein føresetnad for godt formidlings- og kommunikasjonsarbeid. Kommunikasjonspolitikken til staten slår fast at kommunikasjonsansvaret følgjer saksansvaret, både for leiarar og medarbeidarar – òg kalla linjeprinsippet. For UiT tyder dette:

  • Universitetsleiinga ved rektor har det overordna ansvaret for all verksemd ved UiT, under dette òg intern og ekstern kommunikasjon og kommunikasjon under krise. Som hovudregel er det den øvste leiinga av universitetet, representert ved heile rektoratet, som uttalar seg på vegner av institusjonen.
  • Leiarar ved fakultet, institutt, senter, fellesadministrasjonen og andre einingar har ansvar for den daglege kommunikasjonen i eininga, internt og eksternt.
  • Forskarar og vitskaplege tilsette har både plikt til, og ansvar for, å vere oppdatert på ulike formidlingsformer, formidle eiga forsking og kunnskap frå eige fagområde – noko som inngår i FoU-tida til kvar enkelt. Dei skal delta på kompetansehevingstiltak for å godt kunne formidle eige fagområde i dialog med samfunnet rundt.
  • Alle medarbeidarar har eit sjølvstendig ansvar for å følgje med på informasjon som blir gjeve i offisielle kanalar ved UiT, og dele kunnskap og informasjon med kollegaer, studentar og faglege nettverk.
  • Seksjon for kommunikasjon har det overordna faglege ansvaret for utvikling og iverksetjing av retningslinjene for kommunikasjon. Seksjonen er ein pådrivar for godt kommunikasjonsarbeid ved UiT, og har eit overordna utviklingsansvar for kommunikasjonskanalane til universitetet. Seksjonen har ansvar for den strategiske nyheits- og forskingsformidlinga, og for å gjere klare prioriteringar og naudsynte omdisponeringar av ressursane i samsvar med kommunikasjonsplattforma. Seksjonen gjev kommunikasjonsstøtte til universitetsleiinga og annan leiing. Opplæring og rådgjeving til universitetseiningane og bistand i beredskapssituasjonar er ein del av ansvars- og arbeidsområdet til seksjonen.
  • Kommunikasjons- og formidlingsmedarbeidarar ved fakultet, einingar, institutt og forskingsgrupper jobbar tett på fagmiljøa. Dei jobbar mellom anna med forskingskommunikasjon som Forskingsdagane og skulebesøk, profilering av studietilbod, internkommunikasjon, kommunikasjonsrådgjeving og leiarstøtte.
  • Koordinering og samkøyring: Kommunikasjonsarbeidet er ein integrert del av dagleg drift ved UiT, og kommunikasjonsmedarbeidarar på fakultet og institutt skal inngå i operative og fleksible kommunikasjonsteam saman med tilsette i Seksjon for kommunikasjon, for å sikre samkøyring og synergiar på tvers og langs i organisasjonen. Dette blir koordinert frå Seksjon for kommunikasjon, men utvikla i samarbeid med fakultet og institutt.


Val av språk i all kommunikasjon ved UiT skal gjerast ut frå kva som er føremålstenleg for målgruppa, og i tråd med dei språkpolitiske retningslinjene ved UiT. Både nynorsk og bokmål skal brukast i samsvar med språklova, og samisk i samsvar med Samelovens språkreglar § 1-5.