Gir fire millionar kroner til å leite etter medisin frå havet

Forskarane i Marbio har i 20 år kartlagt verkestoff i marine organismar som kan brukast til medisinske formål. Med støtte frå Skipsreder Tom Wilhelmsen-stiftinga står dei no betre rusta til å analysere tusenvis av prøver frå heile norskekysten.

Kvinner klipper over en snor på et laboriatorium.
Monica Wilhelmsen, frå Tom Wilhelmsen-stiftinga, markerer at Marbio har fått ei ny tildeling som kan styrkje forsking på medisin frå havet. Photo: Jørn Berger Nyvoll / UiT.
Portrettbilde av Bredesen, Kim
Bredesen, Kim kim.bredesen@uit.no Rådgiver
Published: 25.11.25 09:01 Updated: 28.11.25 09:04
Health Natural Sciences Technology

Forskingsgruppa Marbio arbeider kontinuerleg for å avdekkje medisinske løyndommar som skjuler seg på havdjupa. Det skjer innan eit felt kalla marin bioprospektering, som inneber å kartleggje eigenskapar hos havorganismar.

Ved å bruke UiTs forskingsskip har Marbios forskarar, i samarbeid med Marbank, Havforskningsinstituttet, i 20 år henta opp prøver frå 1400 stader langs heile norskekysten. Dei har til og med fått prøver frå den aller djupaste delen av Polhavet, på rundt 5500 meter.

Vi stakar no ut ein ny kurs ved å støtte prosjektet Medisin fra havet. Stiftinga får midlane nettopp frå havet, derfor synest vi det er fint å kunne gi noko tilbake.

Neste steg i prosessen er analysar av titusenvis av prøver for å innhente data som på sikt kan føre til produksjon av nye legemiddel. Dei oppdagar stadig nye artar med unike kjemiske og biologiske eigenskapar, der marine bakteriar, sopp, svampar og nesledyr ofte har eit godt potensial.

Kvinne holder et glass.
Wilhelmsen besøker Marbios arkiv for havorganismar. Foto: Jørn Berger Nyvoll / UiT.

Uendelege moglegheiter

Marbio har no fått nytt teknisk utstyr som kan gi betre føresetnader for å komme lengre med denne forskinga. Det er gjort mogleg gjennom ei tildeling på fire millionar kroner frå Skipsreder Tom Wilhelmsen-stiftinga. Styremedlem Monica Wilhelmsen grunngir tildelinga med at Marbios forsking treffer godt på eit felt der dei har eit stort engasjement.

– Vi stakar no ut ein ny kurs ved å støtte prosjektet Medisin fra havet. Stiftinga får midlane nettopp frå havet, derfor synest vi det er fint å kunne gi noko tilbake. Marbio er ein pioner i den nye kursen. Det finst uendelege moglegheiter i det biologiske mangfaldet som er i havet, seier Wilhelmsen.

Fakta om Marbio

  • Forskarane deira hentar prøver med organismar frå hava rundt Noreg og heile norskekysten.
  • Dei tek i bruk UiTs forskingsfartøy.
  • Titusenvis av prøver blir analyserte av Marbio for å identifisere og skilje ut verkestoff som kan brukast til medisinske formål.
  • Data om slike verkestoff kan seinare utviklast til medisinar i samarbeid med farmasøytisk industri.
  • Marbio leier forskingsprosjektet Euremap, der elleve partnarar i europeiske land samarbeider om å oppdage nye organismar som kan komme til nytte for medisinske formål.
  • Skipsreder Tom Wilhelmsen-stiftinga har i 2025 tildelt Marbios prosjekt Medisin frå havet 4 millionar kroner.

  • Midlane går til investeringar i instrument og teknisk utstyr som blir brukt i Marbios lab.

Tre personer på linje, én mann og to kvinner.
Til stades under tildeling til Marbio: UiTs rektor Dag Rune Olsen (t.v.), Wilhelmsen og Jeanette Hammer Andersen, leiar for Marbio og professor ved Noregs fiskerihøgskule. Foto: Jørn Berger Nyvoll / UiT. Foto: Jørn Berger Nyvoll / UiT.

Bidreg til vekst og utvikling

Rektor Dag Rune Olsen meiner Marbio kombinerer frontlinjeforsking på høgt nivå med verdiskaping.

– Det kalde mørke vatnet i nord byr på spennande moglegheiter. Marbio bidreg til regional vekst og utvikling og ved å byggje kunnskap om organismar og økosystem ved kysten rundt og hava som omgir Nord-Noreg. Det er viktig å få folk på laget som ser desse verdiane, Stiftelsens støtte til Marbios forsking er svært viktig. Det er i ikkje mange slike bidragsytarar i det norske næringslivet, understrekar han.

Vil utvikle nye medisinar

Forskarane i Marbio har mellom anna avdekt at slike organismar har verkestoff som hemmar sjukdomsframkallande bakteriar eller kan styrkje immunforsvaret. I nokre tilfelle har ein og funnet verkestoff som kan motverke diabetes, kreftsvulstar eller leukemi.

– Det finst stort biologisk mangfald som ein kan bruke til medisinar. Havet er lite utforska på dette området. Den store draumen er at forskinga vår kan føre til behandling for pasientar, siger Jeanette Hammer Andersen, leiar for Marbio og professor ved Noregs fiskerihøgskule.

Ho undertrekar at Marbio er første ledd i ei verdikjede, der samarbeid med farmasøytiske selskap vil bli avgjerande for å kunne utvikle nye medisinar frå havet.

Andersen førespeglar at KI-industrien kan få god nytte av data frå Marbio. Med kunstig intelligens kan prøver av havorganismar analyserast raskare og i større grad automatisk. Det meiner ho kan opne opp tid at forskarar kan prioritere andre oppgåver.

Bredesen, Kim kim.bredesen@uit.no Rådgiver
Published: 25.11.25 09:01 Updated: 28.11.25 09:04
Health Natural Sciences Technology
Latest news from UiT