UiT inviterer til boklansering

Velkommen til boklansering i Halti-bygget på Storslett fredag 26. juni klokka 11.00 til 12.30

Kveseth, Magne
Published: 22.06.20 15:00 Updated: 03.11.20 14:26
Tromsø Alta

«Turismens paradokser» er tittelen på ei heilt ny utgiving på Orkana akademisk forlag. Temaet for boka er turisme som utvikling og «innvikling». Professor Arvid Viken har skrive boka i samarbeid med Rune Benonisen, Kristian Ekeland, Anniken Førde, Ragnar Nilsen, Torill Nyseth, Carina Olufsen, Ola Sletvold og Gaute Svensson.

Boka er delt i fleire bolkar, der ein er innom alt frå store cruiseskip på små stader, campingdrift, kvalsafari og Nordkapp. Eit kapittel tar føre seg annekteringa av Nordkapp og korleis det som blir omtala som eit «ran» gjekk føre seg. Her er det krass kritikk av både SAS, som gamle Finnmark fylkeskommune og fylkesmannen.

Boka har elles eit spennande innhald om korleis reiselivet er ein faktor i utviklingsprosessane i samfunnet. Her er aktuelle saker om Hurtigruten, om fiskeværet Årviksand, bustaden Badderen og noko Arvid Viken har omtala som «båldiplomati», der reindrifta, utbyggjare og kommune kjem saman for å utvikla noko.

Boka har gjennomgåande eit fokus på reiselivet og tydinga det har for distrikts-Noreg i dag. Det er likevel òg fleire kapittel som rører andre næringar som oppdrett, fiskeri og vasskraft.

Boka omtalar òg turismen på Svalbard i eit kapittel.

Program

Sted: Halti-bygget (Storslett)
Dato: 26.06.20
Tidspunkt: 11.00–12.30

11.00–11.15 Sveinung Eikeland, viserektor UiT; Boka som innlegg i distriktspolitikken (digital presentasjon)

11.15–11.30 Rune Benonisen, verneområdeforvaltar og Gaute Svensson UiT; Samforsking i eit distriktsutviklingsperspektiv

11.30–12.00 Arvid Viken, professor UiT fortel om boka og forskinga som ligg bak

12.00–12.30 Spørsmål/kommentarar til boka

Kveseth, Magne
Published: 22.06.20 15:00 Updated: 03.11.20 14:26
Tromsø Alta