Skal drøfte innhaldet i dei nye rammeplanane for 8-13-lærarutdanningane

Utvala som arbeider med nye rammeplanar for 8-13-lærarutdanningane har no førsteutkasta klare. Dei skal drøftast av heile sektoren på konferanse i Oslo 14. februar.

Berg, Sigrun Høgetveit
Published: 23.01.12 00:00 Updated: 13.03.12 09:38

Eitt av utvala har sekretariat i Tromsø - det gjeld utvalet for 1-årig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), 5-årig integrert lærarutdanning (lektor) og 4-årig integrert lærarutdanning (adjunkt). Alle tre studieprogramma skal få (nye) rammeplanar. Saman med dei to andre utvala som arbeider med utdanningar for trinn 8-13, samlar dei heile sektoren for å presentere utkasta på konferansen 14. februar. Utvalet møttest førre veke i Tromsø og la dei siste føringane på utkastet som skal vera klart til konferansen.

RU-møte (640x425).jpg

Rammeplanutvalet møttest i Árdna på UiT

Ønskjer mange innspel

Julia Holte Sempler er sekretær for utvalet i Tromsø.

- Dette er sjansen for alle til å koma med sine meiningar, innspel og ønske om innhald i dei nye planane. Konferansen blir opna av statsråd Tora Aasland, det blir deretter ein presentasjonsdel, før det blir rikeleg høve, i små grupper, til å drøfte utkasta. Me ønskjer sterkt at alle skal føle at dei kan ha vore med i prosessen, seier Holte Sempler.

Arbeidet med rammeplanane har gått føre seg sidan i fjor haust. Utvalet har hatt nettsider der framlegg og vedtak er lagt ut fortløpande - og ein blogg der folk har kunne koma med innspel.

Framlegga til nye rammeplanar skal leverast Kunnskapsdepartementet 1. juni i år, og Holte Sempler meiner dei er godt i rute.

- Dagen etter konferansen den 14. februar skal me ha oppsummerande møte, der me tek med oss innspela i det vidare skrivingsarbeidet.

JuliaHS (487x640).jpg
Julia Holte Sempler er sekretær i
utvalet som arbeider med PPU,
lektor- og adjunktutdanningane.
Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Felles forståing, men også usemje om opptakskrav, storleik og praksis

- Det er arbeidet med den 5-årige integrerte lektorutdanninga som på mange måtar møter flest utfordringar - sidan den utdanninga ikkje har hatt rammeplan til no, og fagmiljøa som arbeider med den ikkje er vane med å tilby utdanningar som er styrde av rammeplanar. På den ander sida er dei fleste samde om at me treng slike planar - og alle ønskjer jo den kvalitetshevinga og kvalitetssikringa av utdanninga som planen siktar mot, seier Holte Sempler.

Såleis er også mykje av arbeidet med rammeplanane prega av felles forståingar, men det er også område det kjem til å bli vanskelegare å semjast om.

- Opptakskrava til PPU [som utvalet har foreslått skal vera master og to ulike fag], storleiken på masteroppgåva og korvidt praksis skal vera eigne, studiepoenggjevande emne er døme på område det er usemje om i vårt utval, fortel Holte Sempler.

Berg, Sigrun Høgetveit
Published: 23.01.12 00:00 Updated: 13.03.12 09:38
Latest news from UiT