'Til' er den grunnleggjande retninga i språk
Språk har ulike måtar å uttrykkje retning gjennom rom på. Nokre brukar preposisjonar som 'til' og 'frå', medan andre brukar kasus. Marina Pantcheva har i doktoravhandlinga si analysert slike strukturar og funne at det som uttrykkjer 'til' ligg i botnen for dei andre retningsuttrykka.
![]() |
| Marina Pantcheva Pantcheva har utvida den nanosyntaktiske kunnskapen ved å dele hovudet i frasen i fleire delar. Foto: Sigrun Høgetveit Berg |
Pantcheva er forskar ved CASTL og har analysert 81 språk i avhandlinga si "Decomposing Path: The Nanosyntax of Directional Expressions", som ho disputerer på 21. oktober.
'Til' ligg i botnen
- Dei språklege måtane å uttrykkje retning på syner seg på ulike måtar i ulike språk, men grunnstrukturen er den same. Min analyse syner at "frå skogen" byggjer på "til skogen" og vidare at "gjennom skogen" byggjer på "frå skogen". Altså - det verkar som om måtar å uttrykkje retninga 'til' på ligg i botnen, seier Pantcheva.
- I nokre språk er samanhengen tydeleg. I Quechua, eit indianarspråk i Andes, er 'til' uttrykt ved å henge på suffikset '-man', medan 'frå' blir uttrykt ved å henge på suffikset -da etter -man, slik at 'frå' blir -manda. Eg meiner det same er tilfellet i engelsk. Der ser ein det ikkje i den morfologiske strukturen, for 'from' inneheld jo ikkje heile eller delar av 'to', men eg argumenterer for at ein ser det i måten den syntaktiske strukturen ordnar rekkjefølgja mellom 'to' og 'from'i direkte tale.
Hovudet i frasen delt i fleire delar
Nanosyntaks - forståinga av at dei ulike byggjesteinane i syntaktiske tre er mindre enn morfem - er mykje godt utvikla ved CASTL, og Pantcheva har såleis utvida den nanosyntaktiske kunnskapen med ei djupare forståing av hovudet eller kjernen i ein frase.
- Fram til no har ein tenkt at hovudet har vore ein struktur som har kunna blitt sett saman på ulikt vis, men eg syner at hovudet må delast opp i fleire faste strukturar med ei systematisk og bestemt rekkjefølgje, avsluttar Pantcheva.
Finn heile avhandlinga i Munin.
.jpg)