Landslova i nord

Tverrfaglege perspektiv på Landslov og lagabøting

I 2024 er det 750 år sidan Magnus Lagabøtes Landslov vart gjeldande lov for heile Noreg. I Tromsø blir det dobbeltseminar, "Landslova i nord", i høve jubileet: eit allmennretta arrangement på Tromsø bibliotek og byarkiv tysdag 24.09 og eit tverrafgleg fagseminar på UB på UiT på onsdag 25.09.

Program 25.09, kl. 10.00-15.30

UB-auditoriet

  • 10.00-10.10 Velkomen v/Andreas Klein, UB
  • 10.10-10.50 Jo Rune Ugulen Kristiansen (Arkivverket): Om omsetjingsarbeidet av den nye «folkeutgåva» av Landslova
  • 10.50-11.30 Ivar Berg (NTNU): Frå handskrifter til utgåver: filologi og faghistorie
  • 11.30-12.30 Lønsj
  • 12.30-13.10 Gunnar Eriksen (Jur.fak): Sanksjonering av eiendomsovergrep i Landsleigebolken i Magnus Lagabøtes Landslov
  • 13.10-13.50 Sigrun Høgetveit Berg (AHR): Landslova og nordområda i følgje Sigrid Undsets Kristin Lavransdatter-trilogi
  • 13.50-14.10 Kaffi og kaloriar
  • 14.10-14.50 Ian P Grohse (AHR): Finneren er vinneren? Hvalrekst og hvalfunn i norske middelalderlover 
  • 14.50-15.30 Miriam Tveit (Nord universitet): Kvifor er ikkje samar nemnde i Landslova? 
Universitetsbiblioteket har utstilling av Landslova og anna lovlitteratur frå og om mellomalderen.

---

Arrangementa er ein del av Forskingsdagane og eit samarbeid mellom Jur.fak, HSL-fak, Universitetsbiblioteket og forskingsgruppa CNN ved UiT og Tromsø bibliotek og byarkiv.

When: 25.09.24 kl 10.00–15.30
Where: UB-auditoriet
Location / Campus: Tromsø
Target group: Ansatte, Studenter, Besøkende
Responsible: Sigrun Høgetveit Berg
Add to calendar