høst 2025
VID-6088 Norsk 1 for 5-10 trinn, del 1: Språkdidaktikk - 15 stp

Emnetype

Emnet blir brukt i vidareutdanningav lærarar, og kan ikkje takast som enkeltemne.

Opptakskrav

Søknadsfristen er 1. mars hos Utdanningsdirektoratet (for stipend- og vikarordning). Søknad må også registrerast på EVU-web ved UiT. Freist 15. april.

Emnet blir tilbode med atterhald om tilstrekkeleg talet på kvalifiserte søkjarar.


Innhold

Emnet legg vekt på følgjande tre område:

Norsk i endring i skrift og tale

Basert på kunnskap om språkhistorie og dagens forhold ser vi på utvikling av mangfaldet i den norske språksituasjonen, og korleis norsk språk blir påverka av at samfunnet har blitt meir multikulturelt. Tema frå sosiolingvistikk og dialektologi vil vise at språk i bruk er språk i endring.

Skriving og tekst

Området omfattar utforsking og drøfting av skriving og tekst i ulike sjangrar, for ulike formål og i ulike fag. Respons i skriveprosessen og vurdering av tekst blir diskutert med utgangspunkt i elevtekstar og studentane sine eigne skriveprosessar. Samanhengen mellom munnlege og skriftlege prosessar blir vektlagt.

Kunnskap om og utforsking av språk

Området omfattar kunnskap om norsk som første- og andrespråk, om språket som system og språket i bruk, samt evne til å nytte denne kunnskapen i praksis. For å kunne diskutere tekstar, må studentane ha eit omgrepsapparat knytt til ulike sider av grammatikken og tekstgrammatikken.


Hva lærer du

Kunnskapar og forståing:

Studentane skal

  • ha innsikt i korleis elevar med norsk som første- og andrespråk kan vidareutvikle grunnleggande språkferdigheiter og gode skrivestrategiar.
  • ha innsikt i lese- og skrivevanskar, særleg knytt til fonologi og skriving.
  • ha innsikt i språket si rolle som identitetsmarkør.
  • ha innsikt i sidemålsdidaktikk.
  • ha kunnskap om nyare norsk språkhistorie og gjeldande normering av nynorsk og bokmål.
  • ha kunnskap om grammatikk, som system og reiskap for å analysere og vurdere elevtekstar.

Ferdigheiter:

Studentane skal

  • kunne bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for rettleiing og vurdering.
  • kunne stimulere elevar til variert munnleg og skriftleg bruk av språket.
  • kunne bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i den vidare lese- og skriveopplæringa.
  • kunne kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar.
  • kunne skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og leggje til rette for og gjennomføre undervisning på nynorsk.

Kompetanse:

Studentane skal

  • kunne planlegge, grunngi, gjennomføre og vurdere opplæring i norsk i samsvar med læreplanen for grunnskolen og fagdidaktisk forsking.
  • kjenne til fagdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kunne drøfte forskingsetiske problemstillingar.
  • ha innsikt i norskfaget og fagets historie, og kunne reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget.

Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk er undervisningsspråk, og skriftlege produkt skal vere på nynorsk

Undervisning

Emnet er samlingsbasert med inntil tre samlingar á inntil tre dagar. På samlingane vil undervisninga bli lagt opp rundt forelesingar, diskusjonar, obligatoriske munnlege framføringar og rettleiing knytt til obligatorisk arbeid. Mellom samlingane må studentane rekne med å bruke mykje tid til individuelt arbeid og til å delta i gruppearbeid, fysisk og/eller via nettet.

Gjennom heile emnet blir det lagt opp til at både fagleg kunnskap og forståing, språklege ferdigheiter og fagdidaktisk kompetanse blir utvikla gjennom utprøving i eigne klasserom. Erfaringane frå klasserommet blir tatt vidare i diskusjonar med faglærarar og medstudentar, og dannar grunnlag for delar av arbeidskrava og eksamenstekstane.


Timeplan

Eksamen

Vurderingsform: Varighet: Karakterskala:
Hjemmeeksamen 3 Dager A–E, stryk F

Obligatoriske arbeidskrav:

Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan framstille seg til eksamen:

Tilstrekkelig deltakelse på samlinger Godkjent – ikke godkjent
Innlevering med respons Godkjent – ikke godkjent
Muntlig gruppepresentasjon Godkjent – ikke godkjent
To notat Godkjent – ikke godkjent
UiTs samleside om eksamen

More info about the coursework requirements

Det skal være 80% deltakelse på samlingene.

Re-sit examination

Det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar som ikkje har bestått siste ordinære eksamen i dette emnet.
  • Earlier years and semesters for this topic