Disputas- Master of Science Runa Wolden

Wolden disputerer for ph.d.-graden i helsevitskap og vil offentleg forsvare avhandlinga:

“Adhesion mechanisms and bacteriocins in Staphylococcus haemolyticus - New targets for the prevention and treatment of infections”

Avhandlinga er tilgjengeleg her/ The doctoral thesis!

Prøveførelesing over oppgitt emne haldast kl. 10.15, same stad: 
«Cell wall-anchored proteins of Staphylococcus aureus: mechanism of anchoring and roles during colonization» 

Prøveførelesinga strøymast òg/the trail lecture will also be streamed.

Disputasen starter kl. 1215 og strøymast her. 
Opptak av disputasen er tilgjengeleg i eit døgn.

The defense will be streamed here.
A recording of the disputation will be available for 24 hours.

Populærvitskapleg samandrag av avhandlinga:

Staphylococcus haemolyticus er ein bakterie som veks naturleg på huda vår, men kan også gi sjukdom hos sårbare pasientar. Bakteriane kan vere vanskelege å behandle fordi dei veks saman i tjukke lag (biofilm), og i tillegg er dei ofte antibiotikaresistente. Vi har funne at bakteriane frå sjukehuspasientar lagar tjukkare biofilm enn bakteriar frå friske. Proteina på bakterieoverflata er involvert når bakterien festar seg til celler eller medisinsk utstyr. Vi ville studere dette meir i detalj, og vi brukte ein metode som klipper proteina av bakterieoverflata. Eitt overflateprotein som kallast SraP har vi studert ekstra nøye. SraP er involvert i å feste seg til hudceller og lungeceller, og bidreg til betre overleving i blod. Vi har også funne at bakterien produserer eit stoff som hemmar vekst av antibiotikaresistente bakteriar, og som kanskje i framtida kan bli brukt til behandling. Vi har kalla stoffet for romsacin etter det samiske namnet på Tromsø (Romsa).

ENGLISH

Staphylococcus haemolyticus is a bacterium that naturally grows on our skin but can also cause disease in vulnerable patients. These bacteria can be difficult to treat because they grow together in thick layers (biofilm) and are often antibiotic-resistant. We have found that bacteria from hospital patients form thicker biofilms than those from healthy individuals. The proteins on the bacterial surface are involved in attachment to cells or medical equipment. We wanted to study this in more detail, and we used a method that shaves the proteins off the bacterial surface. We have particularly closely studied one surface protein called SraP. SraP is involved in attaching to skin cells and lung cells and contributes to better survival in blood. We have also found that the bacterium produces a substance that inhibits the growth of antibiotic-resistant bacteria, and which might be used for treatment in the future. We have named this substance romsacin after the Sami name for Tromsø (Romsa).


Hovudrettleiar
Førsteamanuensis Jorunn Pauline Cavanagh, Institutt for klinisk medisin, Det helsevitskaplege fakultetet, UiT Noregs arktiske universitet

Bi-rettleiarar:

Hermoine Jean Venter, Institutt for klinisk medisin, Det helsevitskaplege fakultetet, UiT Noregs arktiske universitet

Claus Klingenberg, Institutt for klinisk medisin, Det helsevitskaplege fakultetet, UiT Noregs arktiske universitet

Trond Flægstad, Institutt for klinisk medisin, Det helsevitskaplege fakultetet, UiT Noregs arktiske universitet

Vurderingskomité
Professor Joan Geoghegan, University of Birmingham - 1. opponent.
Førsteamanuensis Morten Kjos, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet – 2. opponent.
Seniorforskar Sybil Akua Okyerewa Obuobi, Institutt for farmasi, Det helsevitskaplege fakultetet, UiT Noregs arktiske universitet - leiar av komité.

Disputasleiar: Professor Ruth Paulssen, Institutt for klinisk medisin, Det helsevitskaplege fakultetet, UiT Noregs arktiske universitet.

 

 

 

When: 13.09.24 kl 12.15–15.00
Where: Auditorium Cortex
Location / Campus: Digitalt, Tromsø
Target group: Ansatte, Studenter, Besøkende, Inviterte, Enhet
Contact: Andrea Jennerwein
Phone: 77645872
E-boastta: andrea.jennerwein@uit.no
Add to calendar