Masterstipend på 10.000 kr frå Tromsø mållag

Styret i Tromsø mållag har som ein del av arbeidsprogrammet for denne styreperioden valt å lyse

ut eit masterstipend på kr 10.000 til ein student som skriv oppgåve om temaet nynorsk i

skolen.

 

Stipendet skal gå til ein masterstudent ved UiT Noregs arktiske universitet som skriv

masteroppgåve studieåret 2024/2025. Alle som skriv masteroppgåve om nynorsk i skolen,

anten med ein språkleg, pedagogisk eller ein litterær innfallsvinkel, kan søke stipendet.

Dette er eit frittståande stimuleringsstipend som ikkje inngår i noko overordna forskings-

prosjekt som Tromsø mållag er involvert i. Stipendet er såleis skattefritt.

 

Søknaden må innehalde:

• Ei kort skildring av prosjektet, der det blir gjort greie for problemstilling, forskings-

spørsmål og metode (maks 3 sider). Det må også gå fram kor langt studenten er komen

i arbeidet med masteroppgåva

• Tilråding frå rettleiar eller frå ein annan fagperson om rettleiar førebels ikkje er tildelt.

 

For å kunne søke på stipendet må ein ha planlagt å levere masteroppgåve hausten 2024 eller

i løpet av 2025.

Styret i Tromsø mållag vil gjerne at den som mottar stipendet, presenterer funna på eit

mållagsmøte etter at oppgåva er ferdigstilt.

Søknadsfrist er 1. juni 2024.

Søknaden skal sendast elektronisk (PDF/Docx) til Tromsø mållag ved mållagsmedlem Mariann Løkse til denne e-post-adressa:

marianncesilie@gmail.com

Om du har spørsmål, kan du òg kontakte styret i Tromsø mållag ved Mariann.

Frist: 01.06.2024