Saxifraga federici-augusti. Foto: Arve Elvebakk, TMU
The Saxifrage Society er ei internasjonal foreining for entusiastar av sildre-familien. Dei er det ein god del av på Dei britiske øyene og i Mellom-Europa. Dei har masse kunnskap, og dyrker i første rekkje dei vakre, puteforma artane og kultivarane i potter i drivhus, sidan vintrane ute er for våte og ustabile og somrane for varme.
No kjem 14 av dei, vi trur dei fleste er engelske eller skotske, eins ærend til Tromsø for å sjå på samlinga vår, som den britiske forfattaren av boka om sildrer i heile verda kalte verdens største samling av sildre-artar.
Sildre-slekta omfattar fleire seksjonar som avløyser kvarandre med blomstring gjennom sesongen, raudsildre-seksjonen er enno i full blomstring.
På omvisninga vil vi la dei dele sine inntrykk av samlinga vår med oss, inkludert dei enkeltplantar som dei sjølv vil velgje å seie noko om.
Open kafé.
Gratis inngang
Velkomen!