Jørgen Fossland vert ny universitetsdirektør ved UiT

Jørgen Fossland er tilsett som universitetsdirektør ved UiT Noregs arktiske universitet i åremålsstilling for perioden 1.6.2018 – 31.5.2024.
Solhaug, Randi Merete
Published: 23.03.18 00:00 Updated: 08.10.18 14:21

Jørgen Fossland. Foto: Randi Solhaug

Det vart avgjort i universitetsstyret i dag.

Jørgen Fossland (47) har vore konstituert universitetsdirektør ved UiT sidan april 2017. Før det kom han frå stillinga som fakultetsdirektør ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning (HSL).

Fossland er Cand.philol. i filosofi, og har sidan 1996 vore tilsett i ulike stillingar ved UiT.

– Vi har tilsett den aller beste kandidaten som universitetsdirektør ved UiT for dei neste seks åra, seier rektor Anne Husebekk.

 

Kontaktpersonar:

Rektor Anne Husebekk, telefon 481 41 286

Universitetsdirektør Jørgen Fossland, telefon 951 50 414

 

Solhaug, Randi Merete
Published: 23.03.18 00:00 Updated: 08.10.18 14:21